• international
  • us
  • uk
  • de
  • nl
  • fr
  • no
  • se
  • dk

it's learning - læringsplattform

nav-wrap-img

Undarheim skule - fyrst ut

”Me meistrar” er Underheim skule sitt motto, og denne onsdag ettermiddagen har dei ansatte sett seg målet å meistre it’s learning betre. Som første skule skal dei prøva webseminar – ”ein times påfyll” – for heile kollegiet. – Fantastisk å sleppe å reise heilt til Bergen på kurs, meiner lærar og IKT-anvarleg Eva Refvik.

Av Anne-Lene Viken

Det er milevis – og fleire ferjereiser – frå Undarheim til it’s learning-pedagog Anne Helgedagsrud i Bergen. Inne på lærarrommet er rektor Anne-Sofie Kjeka i kontakt med Helgedagsrud for å førebu seminaret. Ein teknisk test må til. Kjeka har kopla PC-en til to forsterkare for å få god lyd, og ein mikrofon ligg klar slik at deltakarene kan stille spørsmål undervegs.

Web-seminaret startar presis kl 14.00, lærarane på Udarheim sit no klare framføre prosjektoren som viser ei it’s learning-side på veggen. Rektor ynskjer alle velkommen og fortel at dei på Undarheim skule mest har brukt it’s learning for dei vaksne – rett og slett til intern kommunikasjon.
Påfyll om litt av kvart Frå lerretet på veggen snakkar Helgedagsrud om korleis ein kan fengje elevane. Ei spørjeundersøking kan vera bra å starte med, til dømes om elevane har tilgang til internett heime. – Det bør lærarane kartleggje, seier ho, – slik at vi ikkje er med på å danne eit A-lag og eit B-lag i elevgruppa.

 

Anne Helgedagsrud klar til å starte webseminaret ifrå Bergen. I forgrunnen, rektor Anne-Sofie Kjeka.

Sidan lærer deltakarane å laga quizar/testar/sjølvrettande øvingar, å bruka lyd og videopptak og om korleis ein kan strukturere internettbruken for elevane. – Det er så lett å gå seg vill på internett, og vi som lærare er jo med på å oppdra elevane i korleis dei skal bruke og oppføre seg i det digitale nettsamfunnet, seier Helgedagsrud.

Lærarane på Undarheim er einige. Nokon noterer undervegs, medan andre sit med berbar PC og prøver ut etter kvart. Undervegs blir det heile tida opna for spørsmål, og dialogen mellom lærarane og it’s learning-pedagogen går knirkefritt.

Innhenta av tida? Når seminaret er over og Helgedalsrud har forsvunne frå veggen, oppsummerar lærarane kurset som svært relevant og lærerikt. Rådgjevar Marit Tarlebø, som er ansvarleg for kompetansehevinga i kommunen, ber rektor fortelje om erfraringane med it’s learning på neste leiarsamling. Ho vedgå at ho ikkje hadde vore den ivrigaste pådrivaren for IKT og læringsplattform i skulen. Men webseminaret har åpna augo hennar for kva mogelegheiter som ligg i god pedagogisk bruk av it’s learning. – Tida innhentar meg, må ho innrømme.

Staben er samla på lærarrommet for ein times påfyll.